Hopp til hovedinnhold
DSC07869.jpg

Kva er ein produksjonsskule?

Produksjonsskulen er eit tilbod til deg som er mellom 16 og 24 år og som har droppa ut av den ordinære vidaregåande skulen. Hos oss kan du ta del i praktiske aktivitetar i ein av våre mange verkstader. Vi har ikkje teoretisk undervisning i fag, men har fullt fokus på den praktiske produksjonen. Gjennom å delta i arbeidsfellesskapet på verkstadene er det vårt mål at du opplevar god mestring og personleg utvikling, og finn ein veg vidare - anten det er å fortsetja der du slapp på vidaregåande skule eller prøvar deg i arbeidslivet.
Versjon 1 HYPR.png

Informasjonsvideo om Hyssingen produksjonsskole

Her kan du sjå ein kort informasjonsvideo om Hyssingen produksjonsskule. I videoen møter du Daniel, som tek deg med på ei omvising – og du vil treffe ungdomar frå dei ulike verkstadene våre som fortel litt om livet på Hyssingen.
Versjon 1 Hardanger.png

Informasjonsvideo om Hardanger produksjonsskule

I denne videoen tek Theodor og Benjamin deg med på ei omvising på Hardanger produksjonsskule i vakre Ulvik. Her får du eit nærare innblikk i verkstadene våre, om internatet vårt, og korleis ein dag på Hardanger produksskule kan sjå ut.