På bygg- og anleggsverkstaden får du ta del i ein allsidig produksjon, spesielt retta mot betongfaget. Vi tilbyr også ei innføring i generell bygg- og anleggsteknikk.
På Bygg og Anlegg verkstedet (BA) får du ta del i arbeidstrening direkte retta mot arbeidslivet. Dette passar for deg som liker praktisk arbeid, og som liker å jobbe med hendene.
På verkstedet får du vere med å lage støypeformer (forskaling) til betongmurar, ringmur til garasje, og andre betongkonstruksjonar.
Vi tar også på oss oppdrag innan tømrarfaget der vi lagar rekkverk, terrassar, og andre mindre konstruksjonar. På Bygg og anleggsverkstaden vil du også lære sikker bruk av maskinar og utstyr i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Store deler av året utfører vi arbeid for kunder utanfor skulen. I vintermånadane er vi inne på verkstaden og har produksjon av forskjellige betong- og treprodukt som til dømes ulike produkter i betong og tre, hagebenkar og bord, og prefabrikkering av deler til utesesongen.