Hopp til hovedinnhold

Tilbod i Hardanger

Hardanger Produksjonsskule i Ulvik

Hardanger produksjonsskule ligg i smellvakre Ulvik på den gamle hagebruksskulen som har vore i drift sidan 1901.

Hardanger produksjonsskule starta opp i august 2018 og har i dag 4 ulike verkstader ungdommane kan velje mellom. Skulen har tilbod frå måndag til fredag og ungdommane bur på internat. 

Det er plass til inntil 28 ungdommar samtidig og med kontinuerleg inntak heile året vert kapasiteten på tilbodet opp mot 40 ungdommar i året. Ungdommane kan vere på skulen i inntil 1 år med mogleik til å søkje om 6 månader utviding dersom det er føremålsteneleg.

Etter arbeidsdagen kan det vera fint å kople av. Dei aller fleste som går på produsjonsskulen bur på internatet, der dei har eigne rom å trekkje seg tilbake på, eller gå på besøk til kvarandre. På internatet finn ein også ei tv-stove, eit biljardrom, samt eit studentkjøkken. Ein del nyttar og den digitale verkstaden og lydstudioet utover kvelden.

Om det er ynskeleg med ei treningsøkt er det også eit styrkerommet på internatet og eit idrettsanlegget som ligg like i nærleiken. På sommartid har me eige brygge med båt, som kan nyttast til bading og moro.

I tillegg til produksjonsskulen som nyttar garden sine fysiske uterom, utdannar me også gartnarar (vaksenopplæring) og ulike Fagskuletilbod for vaksne studentar. 

Maritim verkstad

I den maritime verkstaden arbeider dei med hovudsakeleg med aktivietar i og langs sjø, elvar og bekkar.

Mekanisk verkstad

Mekanisk verkstad er for deg som likar å mekke på ulike maskiner, reidskapar og bilar.

Digital verkstad

Den digitale verkstaden er satt opp med 10 arbeidsplassar med kraftige gaming-PCar, gode skjermar, headsett og digitale teiknebrett. Me har også eit streamingrom for dei som vil arbeide litt meir utadretta.

Byggdrifter verkstad

I byggdrifter verkstaden arbeider me med ulike produksjonar for kundar og for salg. I tillegg så gjer me ein del vedlikehald og utbetringar av eigne hus på skulen.

Gardsbruk

Hardanger produksjonsskule er lokalisert på ein gamal hagebruksskule med aktiv landbruksproduksjon.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med Håkon som kan svare på det meste

Håkon Gjerde

Avdelingsleiar
håkon_2.jpg