Den digitale verkstaden er satt opp med 10 arbeidsplassar med kraftige gaming-PCar, gode skjermar, headsett og digitale teiknebrett. Me har også eit streamingrom for dei som vil arbeide litt meir utadretta.
I den digitale verkstaden arbeider me med utvikling av digitale spel. Ulike programvare vert nytta til teikning, 3D-modelering, animasjonar, koding og storylineproduksjon. I tillegg har med ein musikkverkstad der du kan lage lydefektar eller drive med musikkproduksjon.
Verkstaden tek på seg oppdrag innan animasjon og utvikling av digitale visuelle uttrykk.