Hopp til hovedinnhold

I byggdrifter verkstaden arbeider me med ulike produksjonar for kundar og for salg. I tillegg så gjer me ein del vedlikehald og utbetringar av eigne hus på skulen.

Verkstaden har to lokaler, ein snikkarverkstad der ein gjer større prosjekt og arbeider litt meir med grovarbeid. Det andre lokalet er eit klasserom som eignar seg for finare arbeid som maling, liming, pussing og ferdigstilling. Ungdommane vil få nytta eit stort utval av ulike verktøy og vil lære seg å arbeide kreativt med både hendene og hovudet. 

En typisk kvardag på verkstaden vår ser slik ut:

kl. 08:00 - frukost i kantina

kl. 09:00 - frukost ferdig og me startar arbeidsdagen på verkstadande.

Kl. 11:45 - 12:30 - Lunsj

kl 12:30-15:00 - me held fram med arbeidet

frå 15:00 - fritid

Søk skuleplass her